Aktuelle foredrag/småskrifter

BJØRNSONSEMINARET 2010:

Presidenten Knut Ødegård: Tale til vinnerne av Bjørnstjerne Bjørnson-prisen 2010

Islands tidl. president Vigdís Finnbogadóttir: Om Islands forsvar

Torfi H. Tulinius: Uavhengighet, kultur og forandring

Einar Már Guðmundsson: I forpliktelsenes lenker

Knut Ødegård: Bjørnson, Island og økonomien

BJØRNSONSEMINARET 2009:

Kristian Gerner: Är yttrandefrihet möjlig i Ryssland?
(russisk versjon)

Jahn Otto Johansen: Er demokrati mulig i Russland?
(russisk versjon)

Grigorij Pomerants: Den lange veien mot frihet
(russisk versjon)

Zinaida Mirkina: Den indre frihet
(russisk versjon)

Peter Normann Waage: Er ytringsfrihet mulig i Russland?
(russisk versjon)

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someoneShare on Google+

Bjørnsonprisen

Det er en årviss oppgave for akademiet å utdele en pris som første gang ble tildelt i forbindelse med årets seminar høsten 2004. Prisbeløpet er på kr 100 000,- samt en skulptur og en diplom. Akademiets styre står fritt til å velge prisvinnere innen den ramme som akademiets formålsparagraf definerer som vårt arbeidsfelt.

(Under årets seminar i Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet – Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfrihet – heldt akademiets presidenten Knut Ødegård fylgjande innleiing i Molde Rådhus (10. november 2012):

Gode gjester,

For knapt to år sidan, det var i desember, sette ein ung mann i ein småby i Tunis fyr på seg sjølv i djup fortviling over politiets gjentekne trakasseringar. Han var grønsakhandlar, selde varene sine ute i vegkanten for å forsørgja seg sjølv, mor og småsyskena sine. Han makta ikkje lenger å ta denne stadige trakasseringa som øydela livsgrunnlaget for den vesle familien. Hans unge liv gjekk tapt i flammane, han døydde av brannskadane.

Dette er ei av mange historier om daglege maktovergrep mot vanlege folk i den arabiske verda. Men grunnen til at vi minnest denne hendinga i desember 2010, er at flammane rundt den fortvilte unge grønsakhandlaren spreidde seg lynraskt via e-post og facebook over heile den arabeiske verda: Dei førde til ei folkeleg mobilisering mot undertrykking og politivald som kom fullstendig uventa på omverda. Folket reiste seg mot diktatorane og snart var «den arabiske våren» innleia i land etter land. Både Tunis, Egypt, Libya og Jemen har vore gjennom regimeskifte som resultat av dette som byrja som ei fortviling og utvikla seg til eit folkeleg opprør. I det småskriftet om den arabiske våren som akademiet lanserer i dag, skriv redaktøren Peter Normann Waage at «den arabiske våren» kom like overraskande på verdsopinionen som Berlinmurens fall og Sovjetunionens samanbrot for vel 20 år sidan.

Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet har vore i forkant med å studera situasjonen og utviklinga i Midtausten. Alt i 2004 arrangerte vi seminar under leiing av Kari Vogt om dialog mellom religiøse grupper i området, med særleg vekt på den koptiske kyrkja sitt brubyggingsarbeid mot dei islamske samfunna i Egypt. Ein av dei to Bjørnsonprisvinnarane frå det året, Samir Morcos som kom hit og heldt foredrag etter pristildelinga, er nyleg utnemnd til spesialrådgjevar for president Mohammed Mursi som vart vald etter at Mubaraks regime fall under det arabiske vårutbrotet.

Det er i seg sjølv eit positivt teikn, at dialogen er løfta opp på presidentnivå. Men ikkje alle signal frå det ein framleis kallar den arabiske våren er like oppmuntrande. Vi har fått meldingar om at kristne vert forfylgde, kyrkjer og kloster er skjemde. Vi står, for å halda oss til biletet med årstider, i ei uvisse om kva kalenderen eigentleg seier oss: Har vi å gjera med hauststorm før vinter – eller eit bjørnsons april som bryt våren fram mot sommar?

For Egypts jødar er det ikkje nokon vår. Nyleg vart den siste synagogen i bruk stengd der, og no er det knapt jødar att i Egypt.

Vi står midt inne i store omveltingar som ingen veit utgangen på. Kanskje vert resultatet ulikt frå land til land.

Ei av dei forbausande og gledelege sidene ved opprøret, er at så mange kvinner er aktive i den arabiske våren. Vi fekk auge på unge, velutdanna arabiske kvinner som m.a. gjennom dei nye sosiale media både stod sentralt i opprøra og som var leiande i kampen om juridiske og politiske rettar. Vi hugsar Tawakkul Karman som gjekk i brodden for opprøret mot Jemens president, i fjor vart ho ein av vinnarane av Nobels fredspris.

Samstundes med at gamle diktatorar blir avsett, og samstundes med at det har feia inn friske vindar med krav om demokrati, likskap og rettferd, ser vi døme på regresjon fleire stader. Der opprøra starta på grunnplanet, og der kvinner og menn, kristne og muslimar, fattig og rik, høgre- og venstreorinterte, stod saman i sine krav, ser vi at mennene og islamistane posisjonerer seg. Vi ser store interne flyktningestraumar, vi ser åtak på kristne og at antisemittismen ytrar seg, vi ser tilbakefall til kvinneundertrykking, og ikkje minst ser vi blodige krigar som dagleg tek livet av både stridande og sivile, menn, kvinner og born: Dagleg får vi meldingar om gruvekkjande drap i Syria.

Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet stiller spørsmålet om kva er det som eigentleg skjer i Midtausten under merkelappen «den arabiske våren»: Kva er bakgrunnen for hendingane, og kva kan dei føra til? Kan islamistane, som no for første gong har fått makt gjennom demokratiske val i Tunis og Egypt, kunne fremja demokratiske verdiar og menneskrettar? Kva for rolle skal religionen spela? Skal islamsk lov vera einaste kjelde til lovverket? Kari Vogt peiker i forordet til årets Akademiets Småskrifter på at det dreier seg om to vitkige spørsmål: Rettane for religiøse og etniske minoritetar, og om kvinnespørsmål. Minoritetanes rettar gjeld både kristne og ikkje-kristne. Kvinnespørsmålet har det til felles med minoritetsspørsmålet at det handlar om kva for rettar ein har som landets borgar. Er likskap for lova mogleg? Og korleis verkar den arabiske våren inn på den frå før så fastlåste konflikten mellom Israel og dei okkuperte palestinske områda?

Ein vår? Vi som ber Bjørnstjerne Bjørnsons namn, veit at diktaren valde seg våren, april:

 

Jeg velger meg april!

I den det gamle faller,

i den det ny får feste;

det volder litt rabalder, –

dog fred er ei det beste,

men at man noe vil.

 

Jeg velger meg april,

fordi den stormer, feier,

fordi den smiler, smelter,

fordi den evner eier,

fordi den krefter velter, –

i den blir somren til!

 

Overrekking av Bjørnsonprisen 2012.

Akademiets styre har samrøystes vedteke å dela årets Bjørnsonpris mellom tre prisvinnarar frå tre land i Midtausten: Journalist Wojoud Mejalli frå Jemen. Biskop Thomas frå Egypt. Offiser og programutviklar David Zonsheine frå Israel. Dear Ms Mejalli, bishop Thomas and Mr. Zonsheine. We are very proud of your presence here in Molde, Norway and it is an honor for me as president of the academy to present this year´s Bjørnson Prize to you. You have already read the translations of my speeches into English, so I allow myself to say the following in my native tongue. But first of all, I kindly ask you to come up here

Kjære Wojoud Mejalli,

Du er ein av desse sterke, velutdanna og politisk engasjerte arabiske kvinnene som har mykje av æra for at demokratisering og menneskerettar er sett på agendaen i ditt heimland Jemen – og endå vidare i Midtausten. Akademiet har vurdert din innsats som viktig, både ved at du representerer vår-kreftene, dei som vil føra opprøret vidare inn i ein demokratisk sommar med likeverd og like rettar for alle. Og du er ein fin representant for kvinnekampen i område der kvinner har vore – og er – sterkt undertrykte. Du var sentral i grunnlegginga av organissasjonen «Kvinnelege journalistar utan lenker» saman med nobelprisvinnaren Tawakkul Karman. Ikkje berre har du sett kvinners rettar på dagsorden i Jemen, men òg vore aktiv i det ungdomsopprret som ende med at regimet fall i 2011. Internasjonalt er du eit stort namn som journalist etter at du i 2008 tok opp problemet med tvangsgifting av born i Jemen og skreiv reportasjar som gjekk verda over.

Kjære biskop Thomas,

Vi har i vårt akademi i fleire år vore opptekne av situasjonen for dei kristne og andre minoritetar i Egypt og Midtausten.

Vi beundrar deg for den innsatsen du har gjort for religionsfridom og menneskerettar i Egypt. Frå din posisjon som biskop i det største kyrkjesamfunnet i Midtausten, Den koptisk-ortodokse kyrkja, har du fremja dialog, samtalar og samarbeid mellom kristne og muslimar. Vi veit òg at du har gjort ein stor innsats for utdanning av kvinner, med yrkesopplæring slik at dei kan forsørgja seg sjølv. Vi ser på den skulen for fredsarbeid mellom muslimar og kristne som du grunnla i El Quissa i 1993 som svært viktig. På same vis har akademiet vurdert innsatsen din med å byggja opp eit stort og blomstrande dialog- og rettrettsenter i Wadi Natrun-ørkenen vest for Kairo som ein veg framover mot ein verkeleg vår og sommar for folket i Midtausten. Der, i Anaphora, samlar du både egyptarar og talrike utlendingar til samtale og refleksjon.

Kjære David Zonsheine,

Akademiet er svært merksam på at den arabiske våren også fører ein ny situasjon for den tilsynelatande så fastlåste konflikten mellom Israel og dei palestinske områda. Vi ser det difor som viktig å løfta fram dei kreftene i Israel som er opne for verkelege fredsløysingar mellom dei to folka som etter tradisjonen har ein felles stamfar i Abraham. Du har bak deg lang teneste som stridande offiser, m.a. i elitestyrkane til fallskjermjegrane men arbeider no som programutvikling. Akademiet har lagt merke til din modige protest mot å tenestgjera i dei palestinske områda, ikkje minst det brevet som du og fleire andre militære skreiv og offentleggjorde i 2002 der du slår fast at «Vi vil ikkje halda fram med å kjempa utanfor grensene frå 1967 for å underleggja oss, jaga bort, svelta ut og ydmyka eit heilt folk». Dette brevet danna grunnlaget for etableringa av rørsla «Mot til å nekta», som består av militære som ikkje vil gjera teneste i dei okkuperte områda. Du er formann i den rørsla, og dessutan styremedlem i B´Tselem, det israelske informasjonssenteret for menneskerettar i dei okkuperte områda.

Når akademiet gjev deg prisen, er det samstundes i den tru at det personlege motet du har vist også er ein effektiv kur mot den antisemittismen som ofte er forkledd som Israel-kritikk: Du viser eit Israel som står for menneskerettar og likskap for alle uansett etnisitet eller religion.

 

Presidentens velkomsthelsing under akademiets gallamiddag 10. november 2012:

Fylkesmann, Møre biskop, ordførar, kjære prisvinnarar, mine damer og herrer.

Hjarteleg velkomen til eit festbord til ære for våre prisvinnarar og i glede over å ha gjennomført eit viktig seminar om den såkalla arabiske våren.

Dear laureates of the Bjornson Prize, bishop Thomas, Wojoud Mejalli and David Zonsheine: on behalf of the academy, I have the pleasure of wishing you welcome to this banquet to celebrate you and also to celebrate our seminar where we succeeded in our efforts to understand more about what is going on in the Middle East with it´s so-called «Arab Spring».

Please forgive me for now saying some few more words in my native tongue.

Den kanskje mest kjende av Bjørnsons forteljingar, Synnøve Solbakken, blir ofte klassifisert som bondeforteljing. Og mange oppfattar Synnøve Solbakken som hovudpersonen, ho som har eit namn som er dobbelt lysande av sol og liv. Synnøve er ei nyare form for det norrøne namnet Sunneva, og sunn er det same ordet som vi finn på engelsk i sun og på tysk i Sonne, vi har det òg i det islandske sunnudagur og den nynorske sundag, soldagen. Synnøve er altså solberaren i solbakken. Men den eigentlege hovudpersonen er Torbjørn Granlien. Og sjå no kor viktig namnevala er for diktaren Bjørnson: Tor – bjørn. Tor er den heidne guden, bjørnen er dyret med dei veldige kreftene, og granlia er mørk av dette treslaget med sine svartgrøne og lutande greiner.

Bjørnsons forteljing er altså alt anna enn bygdeidyll, men ei skildring av møtet mellom lysets og mørkets krefter. Dette som er så maktpåliggjande for Bjørnson gjennom det meste av diktinga hans – og livet hans – finn vi i si urform her, nemleg å visa ein forsoningsveg, at mennesket kan veksa og endra seg, at dei mørke kreftene kan gå inn i, og forvandla seg med lyskreftene. Medan Synnøve blir ståande som symbolberar for ein lysets og livsens veg, foregår kampen mellom kreftene inne i Torbjørn, og det er i Torbjørn-figuren at Bjørnson viser sin meisterskap med sameining av symbol- og realismedikting. Det er her vi anar ei von i myrkret, eit myrker som ikkje minst ser ut til å styra vår tid inn i endå meir menneskeforakt og død.

Det ér vegar til forsoning, vil Bjørnson hevda. Og dette er nøyaktig dei same vegane som vi ynskjer å gå med arbeidet vårt i Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet. Seminaret i dag er ein del av den vandringa.

Eg ynskjer velkomen til bords og bed alle om å utbringa ei skål for Bjørnstjerne Bjørnson og den bjørnsonske impulsen som arbeidet vårt byggjer på. A toast for our inspirator and mentor the Nobel Prize laureate Bjørnstjerne Bjørnson:

Skål!

 

BJØRNSONPRISEN TIL FREDSAKTIVISTER FRA MIDTØSTEN

Bjørnsonprisen 2012 går i år til tre sentrale fredsaktivister fra Midtøsten, opplyste Bjørnsonakademiets president Knut Ødegård under en pressekonferanse i Oslo 11. oktober.

(pressen skriver om pristildelingen:
Dagbladet NRK Romsdals Budstikke Sunnmørsposten

De tre er er den egyptiske biskop Thomas, den jemenittiske journalisten Wojoud Mejalli og den israelske offiseren David Zonsheine.

Biskop Thomas (f. 1957) representerer det største kirkesamfunnet i Midtøsten, Den koptisk-ortodokse kirke. Biskopen har i flere tiår arbeidet for religionsfrihet og menneskerettigheter. I 1993 grunnla han en skole for fredsarbeid mellom muslimer og kristne i El Quissa. Fra 1999 har han bygget opp et stort og blomstrende dialog- og retrettsenter i Wadi Natrun-ørkenen utenfor Kairo. Han har også gjort en betydelig innsats for kvinner som trenger yrkesopplæring for å kunne forsørge seg selv og sine familier.

Wojoud Mejalli (f. 1986) er menneskerettighetsaktivist og demokratiforkjemper. Hun var med på å starte organisasjonen «Kvinnelige journalister uten lenker» som ledes av Tawakkul Karman som mottok Nobels fredspris i 2011. Majelli representerer den unge generasjonen ansvarsbevisste, velutdannede og politisk engasjerte arabiske kvinner. Hun har markert seg ved å sette kvinners rettigheter på dagsorden i Jemen og deltok aktivt i det ungdomsopprøret som endte med regimets avgang i 2011. I 2008 tok Mejalli opp problemet med barn som blir tvangsgiftet i Jemen og hennes reportasjer har gått verden over. Hun bor nå i utlandet og fortsetter å formidle sine erfaringer fra Jemen til et stort publikum.

David Zonsheine (f. 1973) tjenestegjorde i fire år som stridende løytnant i det israaelske forsvarets reservestyrker og som offiser i elitestyrkene til fallskjermjegerne, deretter seks år som offiser i reservetroppene. Han er utdannet innen datateknologi og fysikk og arbeider nå som programutvikler. I 2002 underskrev han sammen med 50 andre stridende offiserer og soldater et brev der de fastslo at «Vi vil ikke fortsette å kjempe utenfor grensene fra 1967 for å underlegge oss, forjage, utsulte og ydmyke et helt folk.» Brevet ble deretter undertegnet av rundt 1000 offiserer og soldater. 500 av dem ble fengslet for å ha nektet å delta i reservetroppenes forflytning til de okkuperte palestinske områdene. Dette brevet dannet grunnlag for etableringen av bevegelsen «Mot til å nekte» som består av militære som nekter å tjenestegjøre i de okkuperte områdene. David Zonsheine er formann for bevegelsen og dessuten styremedlem i B´Tselem, det israelske informasjonssentret for menneskerettigheter i de okkuperte områdene.

SEMINAR OM MIDTØSTEN ETTER DEN ARABISKE VÅREN

Bjørnsonprisen blir utdelt i Molde Rådhus den 10. november i forbindelse med et seminar om Midtøsten etter «den arabiske våren» i regi av Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet.

Seminaret innledes med prisoverrekkelse ved akademiets president, Knut Ødegård. Forelesere er førsteamanuensis ved UiO Berit Thorbjørnsrud og de tre prisvinnerne, Wojoud Mejalli, David Zonsheine og biskop Thomas. Seminarleder er fylkesmann Lodve Solholm.

SISTE: Vi har en korrigering for én av programpostene under Bjørnsonseminaret i Molde Rådhus lørdag 10. november. Det gjelder foredraget ved religionsforsker Berit Torbjørnsrud kl. 15.00. Tittelen på bidraget hennes skal være: «De kristne i Midtøsten: kun på museum?»

I forbindelse med seminaret blir det også utgitt en bok i serien Akademiets Småskrifter som går dypere inn på problemstillingene seminaret behandler. Det er redigert av Peter Normann Waage og inneholder artikler av religionshistoriker Kari Vogt, førsteamanuensis Thorbjørnsrud og de tre prisvinnerne.

ØKUMENISK GUDSTJENESTE

Før arrangementet i Molde Rådhus, blir det arrangert en økumenisk gudstjeneste i Molde domkirke under ledelse av Møre biskop, Ingeborg Midttømme. Gudstjenesten uttrykker en særlig omtanke for Midtøstens forfulgte kristne minoriteter. Der deltar den koptisk-ortodokse biskop Thomas sammen med ledere fra flere kirkesamfunn.

NYE STATSSTIPENDIATER

Den samisknorske artisten Mari Boine og forfatteren Peter Normann Waage (også styremedlem i Bjørnsonakademiet) ble i dag utnevnt til Statsstipendiater. Vi gratulerer! Les om utnevnelsene her: Dagbladet

—————————————————————————

Bok & samfunn følgjer utviklinga i bokbransjen tett gjennom nyhende, reportasjar, intervju, analyser og kommentarar. Her gjengir vi (med tillatelse frå magasinet) artikkelen «Smal litteratur – ingen smal sak» (ein programpost i regi av Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet og Norsk Litteraturfestival på Lillehammer tidlegare i år). Her kan du også lese innleiinga forfattaren Knut Ødegård (president i Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet) holdt under seminaret (dobbelklikk i bileta):

——————————————————————————————————————————————
Presidenten i Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet Knut Ødegård har lese Marte Wexelsen Goksøyrs bok «Jeg vil leve»:

Les heile bokmeldinga her!

SVENSK TIDSSKRIFT HAR LEST:

«Mennesket i sorteringssamfunnet» (red: Knut Ødegård, Arneberg Forlag 2011)
«Läkare, forfattare och kulturpersoner ger i sina viktiga artikelbidrag klara exempel på hur vårt samhälle har blivit ett «sorteringssamhälle» («sorteringssamfunn»), ett samhälle som sorterar människor efter värde i motsats till ett samhälle som grundar sig på alla människors lika värde».

Les hele anmeldelsen i tidsskriftet Katolskt Magasin her!


BJØRNSONPRISEN 2011

En livredder – og ei talskvinne for likeverd for utviklingshemma deler Bjørnsonprisen for 2011. Skuespilleren Marte Wexelsen Goksøyr (29), som er født med Downs syndrom, og professor Ola Dirdrik Saugstad, Norges internasjonalt mest anerkjente barnelege, deler Bjørnsonprisen i år.

Bjørnsonprisen 2011 blir utdelt under Bjørnsonakademiets seminar i Bjørnsonhuset, Molde – lørdag 29. oktober.

Vi kommer tilbake med mer informasjon om prisvinnerne.

Romsdals Budstikke om tildelingen


Fortsett å lese Bjørnsonprisen

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someoneShare on Google+

Knut Ødegård (red.): Eksempelet Island – om hvordan nykapitalismen angriper et folk.

Boka presenterer flere innfallsvinkler til å forstå hvorfor Island kom i det uføret som førte til finanssammenbruddet i 2008. Med bidrag av Vigdís Finnbogadottir, Einar Már Gudmundsson, Kalle Moene, Milan Richter, Torfi Tulinius og Knut Ødegård. © DnBB AS

Kjøp boka her!

De norske Bokklubbene – om «Eksempelet Island»:
«Det er ingen jeg stoler mer på enn ham til å fortelle om Island», skrev Vigdís Finnbogadóttir i forordet til Knut Ødegårds store bok Island – fra saga til samtid. Ødegård har nå redigert en bok som kaster lys over Island – landet som er blitt et skrekkens eksempel på hvordan et befolkningsmessig sett lite land kunne bli et så tragisk offer for nykapitalismen og finanskrisen. Han har fått med seg en kvalifisert stab av medarbeidere som bidrar med sine kapitler i boken: Islands tidligere president Vigdís Finnbogadóttir, som trekker de lange linjer i landets historie; forfatteren Einar Már Guðmundsson , som belyser situasjonen fra sammenbruddet i 2008 til i dag; professor ved Islands Universitet, Torfi Tulinius, som ser på sammenhengen mellom økonomi og frihet; og professor ved Universitetet i Oslo, Kalle Moene, som tar for seg finanskrisen og økonomisk ideologi. Knut Ødegård bidrar selv med et essay som analyserer krisen og en mulig vei ut av uføret.

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someoneShare on Google+

Ordet og makten i Russland (red: Peter Normann Waage)

I dette småskriftet presenterer forfatteren noe av den historiske og aktuelle bakgrunnen for ytringsfrihetens kår og vilkår i Russland. Han skildrer hvilket spenningsforhold det er mellom ordet og makten. Han viser videre hvordan ytringsfriheten kan bli sin egen fiende i Russland, og antyder veier ut av uføret. Med litteraturliste. © DnBB AS

Share on FacebookTweet about this on TwitterEmail this to someoneShare on Google+