Gamle Bjørnsonpresidenten heidra av Islands president Gudni

Berre Kong Harald og Dronning Sonja har fått ein høgare utmerking frå Island enn den som grunnleggar av Bjørnsonakademiet, Knut Ødegård, fekk frå President Gudni tysdag. 

Knut Ødegård (født 6. november 1945 i Molde) er en norsk forfatter bosatt vekselvis i hjembyen og i Reykjavík på Island. Han har siden debuten med diktsamling i 1967 gitt ut et førtitalls bøker: Lyrikk, skjønnlitterær prosa, fagbøker, barne- og ungdomsbøker og en rekke gjendiktninger av utenlandsk poesi og prosa. I 2013 kom første bind av hans firebindsverk med gjendiktninger av eddadiktene med kommentarer.
Då Ødegård i i fjor fylte 70, heidra Bjørnsonfestivalen han med eit eige program om forfattaren. Forlaget hans gav ut dikt i samling, med Endre Ruset som redaktør.

Ødegård er oppgaveleg frå Molde i Romsdal og debuterte med dikt i 1967. Sidan då har han vore ein særs aktiv forfattar og formidlar av andre sin litteratur. Han tok mellom anna iniativ til å grunnlegge Bjørnsonfestivalen i 1992, oppretta Bjørnsonakademiet i 2003. Han var president for sistnmente fram til då Kristenn Einarsson tok over i 2014.

Dei siste åra har Ødegård brukt brorparten av tida si på ei ny gjendikting av Edda. Det fjerde og siste bandet var nyleg gitt ut. I år kjem difor Ødegård igjen med eigne dikt.

Den islandske falkeorden blir gitt av presidenten etter innstilling frå eit ordensråd. Ødegård har tidlegare m.a. vore utnemnt til æresdoktor i litteratur ved World Academy of Arts and Cultures i Mexico, og er generalkonsult for Makedonia. Blant andre prisar og utmerkingar som Ødegård har motteke, er Det norske Samlagets utmerking Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond, Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske Fortjenstorden, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Doblougprisen, Le Prix Special og Mihai Eminescu-medalen fra Academie Internationale «Mihai Eminescu», Romania.