Om Bjørnson, Jensen og dei ekte verdsborgarane

Simen Ekern (f.v) og Carsten Jensen i Festsalen, kulturhuset Banken. (Foto: Mette Karlsvik)

Bjørnsonsamtalen

– I Danmark er mange forfattarar ein del av ein subkultur, men manglar nokon for for nasjonal kjensle. Dette er annleis i Noreg. Noreg er ein yngre nasjon og er nærmare tida av nasjonsbygging. Fleire har eit forhold til forfatarane som “var med på å bygge landet”. Eg trur at det har fleire unge forfattarar som har eit forhold til fellesskap. 

Slik begynner Carsten Jensen samtalen med forfattar og journalist Simen Ekern. 

Jensen har vore i aksjon på Lillehammer sidan dagen før, då han både talte for ungdommane, vitja Bjørnsons heim Aulestad, og opptrådte på Litterær Festaften på Maihaugen. No assosierer han fritt over inntrykka han har gjort seg så langt, og særleg over det å stå på verandaen til “landsfader Bjørnstjerne Bjørnsons” heim: 

– Jordene breidde seg ut. Bak meg var det så mange rom. For ein stad å bu! Det var nesten som å vere på besøk hos ein feudalherre. Men den epoka er på ein eller annan måte forbi. Eg delte ut ein pris til den beste dystopiske novella skrive av ein tenåring, og eg tenkte: Korleis vil det sjå ut her om vi ikkje gjer noko med klima? Eg prøvde ut ein av Bjørnsons tankar, om det å leve sant. Gjer vi det? Vi er ein generasjon som forfjuskar oppgåvene våre. Vi forfjuskar livet for kommande generasjonar. Sluttresultatet er at vi overleverer ein dyster arv til kommande generasjonar. 

Simen Ekern spør då om det ikkje finst ein slik figur, litt som Bjørnson i Danmark: Ein som er samfunnsrefsar, debattant, forfattar, og ein klassisk europeisk intellektuell. Er ikkje Carsten Jensen ein sånn figur?

– Eg vil gjerne sjå meg sjølv som ein fri, uavhengig tenkar. Forfattarar skulle kunne gjere det. Ein skal ikkje skulle fornemme skjulte dagsordener hos forattarane. Samfunnet forøvrig iscenesett sine tekstar. Forfattarane kan vere eit alternativ til den vridninga av sanninga som t.d. media og politikarar kan drive med.

Ekern skildrar ei samtid der ein har “høgtropande entertainarar à la Jordan Peterson” som får merksemd fordi volumet er viktigare enn innhaldet og der “folk som pratar om mellomposisjonar blir sett på som feige.” Ekern spør om Jensen blir avhengig av å provosere for å bli høyrt? “Du kan til dømes nemne “nazistanes masseutrydning” i same setning som at du skriv om måten vi behandlar flyktningar i dag,” seier Ekern. Jensen svarar:

– Eg meiner at det er eit slektskap. Det begynner med oppbevaringsleirar som sluttar som utrydningsleirar. Folk bur i omstendigheiter som er blotta for alt som gir meining. Vi vil ikkje ha flyktningen. Vi reknar den ikkje som å vere ein av oss. Danmark er i ferd med å ta ein avantgarde posisjon i Europa – på ein grim måte. 

På det meta-intellekuelle, om spørsmålet om medierøynda og debattklima, kommenterer Jensen slik: 

– Eg mottek stadig invitasjonar til TV og radio, til slagsmål med høgreekstremistar. Eg seier alltid nei fordi det er ei iscenesetjing. Dette spelet vil eg ikkje vere med på. Eg bestemmer sjølv når eg vil slåss og om eg vil slåss. Etterhanden blir eg sjeldnare invitert. Danmark Radio har teke eit skritt mot høgre. Ein del tilsette er bytte ut med dei som har meir bekvemme politiske meiningar. Eg trur at i desse åra så skejr nokre usynlege skred i den politiske meiningsdanninga. Ein del av dette er dyrkinga av hatet mot eliten. Eliten skal helst ikkje komme til tale. 

Ekern trekk samtalen så inn på populisme, som er ei retning som Jensen har kritisert mykje i skrivinga si. Jensen forklarar noko av populismens attraksjon: 

– Etter finanskrisa (2008, journ. anm) beslutta ein å drive ein nødvendigheitsoplitikk. Ein slutta å kalle velferdsstaten for velferdsstat, men sa konkurransestaten. Skulen skulle ikkje oppdra meg. Livet skulle oppdra meg. Dette har fråteke folk kjensla av å ha eit tryggleiksnett. I Danmark pratar ein ikkje lenger om dei svake, men om taparar. Det er verre å vere tapar enn å vere svak. Din fiasko er din eigen skuld. Du blir utilstrekkeleg. “Eg er ikkje god nok og dug ikkje.” Populismen seier: “Du er god nok som du er.” Populismen er psykoterapi for folk flest, og gir ei kjensle av å vere teke på alvor og å bli oppreist. 

– Eg trur mange i Danmark er trett av populismen og dens grimskap. Men dessverre har det ingen gjenklang i korleis folk røyster. Også det danske arbeiderpartiet har overteke den høgreorienterte gjengen sin retorikk. Betyr det at dette er verdiane som folk vil ha? Nei, det betyr at dei er redde for å miste veljarar. Politikarane har blitt baktroppen, seier Jensen. Underforstått: folket stakar ut ein kurs som politikarane følgjer. 

Flyktningar

– Er det moralsk å ta imot 65 millionar flyktningar? spør Ekern retorisk. 

– Nei, eg meiner ikkje at vi skal ta imot alle 65 millionar. Men vi kan ta imot fleire enn null kvoteflyktningar. Noreg har ein stygg regjering. Men de tek likevel imot 3000 kvoteflyktningar kvart år. I år 2050 vil Europa ha eit underskot på arbeidskraft. Vi er det rikaste kontinentet i verdshistoria, og kun ein halv milliard folk, med null komma null promille tilvekst. Så får vi vite at Europa held på å velte på grunn av nokre flyktningar. Rænd mig i røven. 

Så nynanserer Jensen sin eigen samanlikning mellom nazistane sine konsentrasjonsleirar og flyktningemottak: 

– Å samanlikne med trettitalet er misvisande. På trettitalet hadde ein hordar med menn som hadde posttraumatisk stressyndom etter Første verdskrigen. Den heimstaden som nazistane hylla på trettitalet er ikkje den same som kampen står om i dag. I dag står kampen om velferdsstaten. Den velferdsstaten som no teiknar seg er den etniske velferdsstaten. Den skapar splitting heller enn samling. Folk kjenner tap av identitet. Men kva er Danmark? Vi er eigentleg ein sjøfartsnasjon. Viss du spurde folk i dag, så ville dei svare: Vi er eit velferdssamfunn. Men kor kom dei frå, historisk sett? Vi dreiv med båtar og reise. Dette er ein viktig del av identiteten. Vi er ikkje bønder. Når bonden ser ein framand krosse marka si, så spør han: kven fanden er det? Sjømannen vil ha arbeidd med utlendingar og vore på andre kontintent og sett andre måtar å jobbe, leve og vere på. Det er ikkje sikkert at han set pris på den andre måten å leve på, men han veit at dei andre måtane også fungerer, på sine vis. Imperativet i globalisering er: Korleis skal vi lære å leve med dei andre? Då kunne vi drege veksel på at vi er ein sjøfartsnasjon. Dette er den verkelege prøvelsen for eit samfunn: Kan vi klare å leve med andre nasjonar?

Ekern kommenterer så Theresa Mays fråsegn om at den som trur han er ein verdsborgar, er ein citizen of nowhere. 

– Ja, der kan du høyre den kommande antisemetismen, seier Jensen:

– Jødane var kosmopolittar, eller citizens of nowehere. Dei var såkalt rotlause verdsborgarar. Men eg vil fortelje om det verkelege nowhere: Utanfor einkvar flyplass finst brannbelte av betongslum der mesteparten av menneskeheiten bur. I eit byplanmessig nowhere veks dei fleste av oss opp. Ingen kjenner ansvar eller fellesskap på slike stader. Dei er dei sanne citizens of nowhere. 

Kva verdiar vil vi føre vidare?

Dagen før Bjørnsonseminaret, vitja Carsten Jensen det årlege arrangementet “Verditinget”. Arrangementet er for ungdommar i vidaregåande, og baserer seg på ei verdiundersøkjing. Tre skuleklassar brukte dagen til å diskutere verdiar, meiningar og måtar å kommunisere på. President i Bjørnsonakademiet, Kristenn Einarsson, introduserte Jensen som årets Bjørnsonvinnar, og forklarte kort kvifor. Carsten Jensen holdt så ein slags apell for dei unge: Kvifor er det viktig å meine noko og å engasjere seg? Jensen delte også ut prisen til den beste novella i skrivekonkurransa til ungdomsfestivalen Pegasus. Tema for konkurransa var: Å skrive ein dystopi om korleis verda kan sjå ut om tjue år viss politikarane ikkje lyttar til ungdommane sine viktige klimabodskap.

Så reiser Carsten Jensen tilbake til København, der han, fredag 24/5, held ein lengre appell for ungdommar som streikar for klima, og seier: 

Det er berre ein ting som overgår utsleppet av CO2 desse åra. Det er utsleppet av verkelegheitsfornektande vrøvl. Sjå på Christiansborg. Bygnaden ved sida av oss er den største språklege forureiningskjelda i Danmark. (…) Sjølvsagt skal vi gjere noko med klimaet, seier dei. Det må berre ikkje gå ut over landbruket. Det må berre ikkje gå ut over forbruket. Det må ikkje gå ut over privatbilismen. Det må berre ikkje gå ut over charterferien. Det må berre ikkje gå ut over den heilage veksten. Men det er ei gruppe som det gjerne må gå ut over. Det er dykk. Barna våre.